mandag 26. januar 2009

Aketur

I går var omsider formen så bra at vi kunne få testa akebrettet ute i snøen, det virka som ho var litt usikker på kva det var vi tok ho med ut på. Det ar heller ikkje så lett og bevege seg i bobledressen ho hadde fått på seg for første gang. På veg heim var ho så sliten at ho holdt på å sovne i akebrettet.
Når vi kom heim og etter ein lur var ho virklig i godt humør og ein liten skøyer, her sitter ho og fryder seg over å få kile pappan sin.
Når det gjelder utviklinga hennar så går det fort framover, ho er blitt ein reser til og reise seg og klarer forsiktig å gå langs møbler. Tann nr 5 er på veg opp, og når det gjelder orforåd så er det artig å prøve og herme etter oss. Ho er også blitt ein reser til å rulle på R´en, ho flyr rundt og sier DRRRR.

2 kommentarer:

Frode sa...

Håper pappaen nettopp hadde skiftet sokker! ;-D

Astrid sa...

Heldige dere er! Her bruker me trehjulsykkelen fortida. Klem!